OPPGAVE A: Skriv et blogginnlegg der du forstørrer ett av følgende to øyeblikk:
Øyeblikk 1: Du sitter på bussen på veg heim fra skolen en ettermiddag. Du er trøtt etter en slitsom dag på skolen, og du ønsker at det skal være stille rundt deg. Men så kommer to eldre damer på, og setter seg på setene rett bak deg. De er av den meget pratsomme sorten.
Øyeblikk 2: Du kommer gående bortover Thomas Angells gate ca. klokka seks en lørdags ettermiddag. Det er ganske lite folk ute, men du ser tre godt berusa unge gutter egle seg inn på en norsk soldat som går like foran deg. Soldaten har mørk hud, og de tre guttene snakker svært nedsettende til han. Det er tydelig at de vil slåss. Du vurderer om du skal gripe inn, men lar det være.
Øyeblikk 1: Eg gikk på bussen, betalde og gjekk og satte meg på eit toersete som var ledig. Musikken var i øyrene og eg var klar til å stenge verden ute. Det hadde vært ein slitsom dag på skulen og eg holdt på å segne om av trøyttheit, men akkurat da eg skulle forsvinne ut i mi eiga verd og kanskje til og med sove ei lita stund kom den verste sorten mennesker på bussen. Eg la først merke til at dei bråkte veldig når dei skulle entre bussen og dei måtte selvfølgelig betale dei tredve kronane i einkroningar. Dei to gamle damene hadde begge nesten blått hår og beige jakke, rynkane i fjeset var godt utvikla men begge hadde sminka seg så dei så ut som troll. Eg stengde dei ute og tenkte at dei sikkert ikkje kom til å bråke når dei hadde fått planta rumpa si på setet. Musikken dunka svakt i øyrene og eg lukka auga. Latteren skremde livet av meg, den raspande lyden trengde gjennom musikken og eg åpna augane raskt for å se kvar den kom frå. Kilden var selvfølgeleg dei to gamle damane som no hadde plassert seg på seta rett bak meg. Dei prata som ein foss om barnebarna, vin, feireturar og kattane sine. Volumet på musikken steig meir og meir ettersom dei fortsatte men det virka som om kvar einaste gang eg skrudde på volumknappen begynte dei også å snakke høgare. Blodet pumpa i årene og eg hadde eit sterkt ønskje om å hoppe opp og skrike " hold kjeft jævla sladderkjerringar ! " Eg gjorde ikkje det, eg satt stille og irriterte meg aleine helt til eg gjekk av bussen.